Ministry of Defence of the Kingdom of Norway

11/06/2024 | News release | Distributed by Public on 11/06/2024 02:43

Ny nettportal for industribidrag til Ukraina

Ny nettportal for industribidrag til Ukraina

Nyheit | Dato: 06.11.2024 | Forsvarsdepartementet

For å effektivisere og gjere det enklare for norsk industri å bidra med donasjonar til Ukraina, blir det no lansert ei ny nettside. Industrien kan no melde inn sine moglege donasjonar på forsvarsanskaffelser.no.

- Regjeringa har heilt sidan Russlands invasjon vore tydeleg på støtta til Ukraina. Hittil har vi i stor grad donert materiell frå eigne lager. Dette vil vi halde fram med der vi kan, men vi må i stadig større grad kjøpe materiell og utstyr direkte frå industrien for å kunne donere til Ukraina. Industrien får dermed ei endå viktigare rolle i arbeidet vårt med å støtte Ukraina, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvarsministeren understrekar at det er behova til Ukraina som styrer vurderingane som blir gjort.

Forsvarsdepartementet ønsker at leverandørindustrien skal forhalde seg til sektoren på ein standardisert måte, og har derfor gitt Forsvarsmateriell i oppgåve å koordinere donasjonsinnspela frå industrien. Eit tilbydarskjema er no tilgjengeleg på nettsida forsvarsanskaffelser.no.

- Det er naturleg at Forsvarsmateriell forvaltar innspela. Dei har best oversikt over marknaden og produkta og kan derfor gjere gode vurderingar, seier forsvarsministeren.

Forsvarsmateriell skal løpande gi vurderingar av innspela frå industrien til Forsvarsdepartementet. Etter at det er gjort ei avgjerd, vil Forsvarsmateriell stå for sjølve anskaffinga av materiellet.

For å effektivisere og gjere det enklare for norsk industri å bidra med donasjonar til Ukraina, blir det no lansert ei ny nettside. Industrien kan no melde inn sine moglege donasjonar på forsvarsanskaffelser.no. Her frå då Noreg donerte beltevognar av typen NM199 til Ukraina. Foto: Trygve Hongset / Forsvaret