Government of Norway

09/30/2024 | Press release | Distributed by Public on 09/30/2024 05:32

Regjeringa og KS inngår ny samarbeidsavtale med ideell sektor

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung besøker Diakonhjemmet onsdag 2. oktober for å signere ein ny samarbeidsavtale med KS og ideell sektor om leveranse av velferdstenester.

Avtalen er viktig for å synleggjere ideell sektor si rolle i velferda. Avtalen blir mellom anna utvida til å dekke heile velferdsområdet - inkludert skule og utdanning. Det vil også bli lagt opp til jamnlege dialogmøte for å ta opp problemstillingar der deltakarane kan dele kunnskap og erfaringar. Representantar frå KS, Virke, Frivillighet Norge, Ideelt Nettverk, Samfunnsbedriftene deltek på arrangementet.

  • Stad: Diakonhjemmet, Konferansesalen, Diakonveien 14, Oslo
  • Tid: 2. oktober klokka 10.00 - 11.30
  • Kontakt: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets pressetelefon: +47 22 24 20 00