Government of Norway

11/08/2024 | Press release | Distributed by Public on 11/08/2024 06:38

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 46

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 11. november

14.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit arrangement i høve 75-årsjubileet for dei fire Genèvekonvensjonane. Stad: Nasjonalmuseet, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 14. november

11.30: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades under debatten om den munnlege utgreiinga om EU/EØS. Utgreiinga vart heldt i Stortinget 7. november.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Torsdag 14. november-17. november

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på FNs klimatoppmøte (COP29).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Kl. 10.00: Statssekretær Maria Varteressian er vert for eit innspelsmøte om NOU-en «Noreg og EØS: Utvikling og erfaringar». Stad: Marmorhallen, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Tysdag 12. november

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på åpninga av det første møtet for Afghanistanutvalet. Les meir om utvalet som skal evaluere Noregs innsats i Afghanistan. Stad: Forsvarsdepartementet, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 14. november

Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på «Magnitsky Human Rights Awards». Stad: London, Storbritannia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 10. november-19. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på flere møte og forhandlingar i FN om fisk. Stad: New York, USA.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Tysdag 12. november

Kl. 8.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein bistandsdebatt arrangert av Civita og Agenda. Stad: Brød og Sirkus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i debatten «USA-valget: Make sexual rights great again!», arrangert av Sex og Politikk om USA-valet og mogelege konsekvenser for globale seksuelle rettar. Stad: Baba Bar, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 13. november

Kl. 19.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i onsdagsdebatten «Bistand med bismak» på Studentersamfundet i Trondheim.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 14. november

Kl. 16.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held tale ved den opne framsyninga av den indiske filmen "Farming the revolution" av Nishtha Jain. Stad: Vika kino, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.