Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

11/26/2024 | Press release | Distributed by Public on 11/26/2024 02:53

Presseinformasjon: Utanriksministeren til London

Utanriksminister Espen Barth Eide er i London 2. desember for å ha politiske møte og tenne ei norsk julegran som står utanfor det britiske utanriksdepartementet. Juletreet er ei gåve frå det norske til det britiske utanriksdepartementet.

Utanriksministeren skal ha møte med den britiske utanriksministeren, David Lammy, for å snakke om mellom anna nordområda, krigen i Ukraina og i Midtausten. Han skal òg ha eit møte med nasjonal tryggingsansvarleg i Storbritannia, og halde eit foredrag for studentar på Kings College og LSE.

På kvelden er han vertskap for ei mottaking med norske og britiske universitet som skal signere ei avtale om samarbeid.

Presse som ønsker å dekke besøket kan ta kontakt med Martin Brynildsrud Andersson på [email protected] eller telefon 99 36 31 18.