12/14/2024 | Press release | Distributed by Public on 12/14/2024 03:28
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 16. og tysdag 17. desember
Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Tallinn for å delta på toppmøte i Joint Expeditionary Force (JEF).
Joint Expeditionary Force (JEF) er ein britisk-leia fleirnasjonal hurtigreaksjonsstyrke som består av ti land: Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Norge, Sverige og Storbritannia. JEF skal kunne stille styrkar for å respondere raskt på kriser, og utfylle NATO og europeisk sikkerheit. Sjå fleire detaljar på nettsida til JEF.
Fristen for akkreditering er gått ut.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Torsdag 19. desember
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Oslo. Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 10.30.
Presse som vil vere til stades, må melde seg på til [email protected] innan tysdag 17. desember.
Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.30.
Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post [email protected] og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post [email protected].
Fredag 20. desember
Kl. 08.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Årets mørkeste dag, Røde Kors si markering mot einsemd og utanforskap, på plassen utanfor t-banestasjonen ved Nationaltheateret i Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post [email protected].
Veke 5 2025
Måndag 27. januar
I januar 2025 er det 80 år siden frigjøringen av Auschwitz. H.K.H. Kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre vil representere Norge ved minneseremonien i Auschwitz på den internasjonale Holocaustdagen 27. januar. Fristen for akkreditering er 17. januar. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.